Innkjøpsansvarleg i Øvre Eiker kommune:

– Eg har sjølv forsvart ei anskaffing i tingretten

Det sa innkjøpsansvarleg i Øvre Eiker kommune, Kristina H. Bauhr, då ho orienterte kommunestyret om deira anskaffingsstrategi.

KRIS­TINA H. BAUHR: Inn­kjøps­an­svar­leg i Øvre Eiker kom­mu­ne.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Øvre Eiker kommune blei ofte trekt fram som eit forbilde då diskusjonane om lokale innkjøp gjekk mellom politikarane i Herøy kommune. Difor var det mange som var spente då innkjøpsansvarleg i Øvre Eiker, Kristina H. Bauhr, vitja kommunestyremøtet torsdag kveld.