Åtvarar mot ny «groome-app»

- Dette er ikkje ein «mobbeapp», men vi vil likevel åtvare på det sterkaste mot å bruke den, då den er inngangsport for seksuell utnytting og overgrep.

Dette er ikkje ein «mobbeapp», men appen vert nytta av overgriparar til å etablere kontakt for grooming og vidare seksuell utnytting av barn og unge. 

Nyhende

Det skriv Beredskapsteam mot mobbing i Herøy i ei pressemelding til Vestlandsnytt.

Appen heiter «Omegle» og tillet anonym chat i form av tekst og/eller video med menneske frå over 190 land i verda. Appen har 18 års-aldersgrense.

- Vi har fåt melding om at appen er blitt populær mellom barn i barneskulealder i Herøy trass i at den han 18 års-aldersgrense, heiter det i pressemeldinga.

Hyppig brukt av overgriparar

Ifølgje politiet sin nettpatrulje er appen ein av dei plattformane som hyppig vert brukt som inngangsport for overgiparar på jakt etter barn og unge.

Ein kan lett få kontakt med barn og, så snart kontakt er etablert, flytte kommunikasjonen over på ein annan plattform (grooming).

- Barn og unge rundt om i landet har vorte utsett for seksuell utpressing og overgrep etter at dei har nytta denne appen og eksponert seg sjølve på ein uheldig måte på nett, skriv beredskapsteamet, før dei tek opp tryggleiksregel nummer éin for barn på nett: «Ikkje ta kontakt eller la framande ta kontakt med deg på nettet».

- Vi vaksne må hjelpe barna/ungdommane våre med å styre unna slike appar. Dei verkar spennande, men barn og unge ser kanskje ikkje farane dei utset seg for.