Larsnes/Gursken låner Hødd-keeper

G16-keeper i Hødd, Simon Skeide, erstattar Ståle Remøy Pettersen i LGFK.

SIMON SKEI­DE: Skal vak­te LGFK-må­let i haust, på ut­lån frå Hødd. foto: lgfk  Foto: LGFK

Nyhende

– LGFK er glade for å ønske Simon Skeide velkomen til klubben som vår nye keeper. Simon kjem på utlån frå Hødd og har vore på Hødd sitt G16-lag og har også vore med på enkelte av rekruttlaget sine kampar i 4. divisjon i år, heiter det i ei pressemelding måndag.

– LGFK er veldig glade for eit godt samarbeid med Hødd, og vi er godt fornøgd med å få Simon i stallen. Simon har vist seg som ein ambisiøs og seriøs keeper, og ikkje minst som ein fin fyr som glir fint inn i spelargruppa, seier LGFK-trenar Anders Helsem Hoff.

Skeide var i troppen mot Bergsøy, men blei då sittande på benken heile kampen. Kurt Ove Longva vakta målet då.

I går, måndag, fekk han derimot debuten i OBOS-cupkampen mot Vanylven.

– Simon er ein ambisiøs og lovande keeper som vi i Hødd har stor tru på i framtida. Gjennom eit utlån til LGFK i haust vil han få ein særs god kamparena i 4. -div., samtidig som han vil fortsette sin treningskvardag i Hødd, seier Sindre Eid, utviklingsansvarleg Hødd.

Også Eirik V. Bringsvor og Richard A. Lynge skal spele for Larsnes/Gursken i haust.