Plany AS vart kåra til den beste standen på Aqua Nor:

- Vi er stolte og audmjuke

Sandebedrifta Plany AS vann pris for årets beste stand blant dei nær 700 utstillarane på Aqua Nor 2019.

Her ser vi vinnarane på den prislønna standen.  Foto: Plany

Nyhende

- Fyrst og fremst er vi veldig stolte for at ei lita bedrift i Sande kan stikke av med denne prestisjeprisen. Men vi er også audmjuke, spesielt når vi ser dei to sterke finalistane vi konkurrerte imot. Framo AS og Mørenot-gruppen hadde begge flotte standar, og det er kjekt å kunne måle seg mot etablerte bedrifter som dei.