Natt til fredag i Herøy:

Rusa båtførar teken hand om av politiet

Natt til fredag klokka 02.38 måtte ein rusa båtførar ha assistanse frå redningsskøyta og ambulansebåt i Herøy.
Nyhende

Båtføraren var usikker på kvar han var, og skal ha gått i land på det som viste seg å vere Torvholmen, opplyser politiet. Vedkomande er no tatt hand om av politiet og vert framstilt for blodprøvetaking. Han er også meld for forholdet.