Formannskapet drøfta forholda:

Folk har skada seg i ny rådhustrapp

Etter å ha vore stengt i lengre tid, er no trappa til Herøy rådhus opna igjen. Men fleire er no bekymra for sikkerheita i trappa.

AV­STENGT: Store de­lar av trap­pa ved Her­øy råd­hus er no stengt av. Og på skil­tet kan vi lese «OBS! Trap­pa er glatt! Kon­takt ser­vi­ce­tor­get». Ber­re heilt til venst­re er det mog­leg å gå.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Mellom dei bekymra er politikarane, med ordførar Arnulf Goksøyr i spissen. Dei bad difor om ei orientering, både om kvifor det har teke så lang tid å få trappa i bruk, men og korleis ein tenker at trappa skal vere funksjonell for brukarane.