Volt Service med vekstambisjonar: Skal ha fleire bløggebåtar

Volt Service sine to båtar har blitt ein suksess. No satsar dei på fleire.

VIDARE VEKST: Vi satsar på vidare vekst, fortel Even T. Remøy (bak). F.v. Merethe Hjertø Flusund, Nina Remøy Pettersen og Robert Søviknes som representerer Volt Service på Aqua-Nor.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

– Bløgging av fisken ved merdene, før frakting til slakteriet, har mange fordelar, seier dagleg leiar Even Remøy i den etter måten unge herøybedrifta som er eit utspring frå Remøy Management.