Politiaksjon i Vanylven:

Truga tilsett på offentleg kontor

Etter at det oppstod ein situasjon ved flyktningkontoret på Fiskå, gjennomførte politiet ein aksjon i Vanylven onsdag ettermiddag.
Nyhende

Ein mann er no tatt hand om av politiet etter at han skal ha kome med trugslar mot ein tilsett på eit offentleg kontor. Dette melde politiet på Twitter like før klokka 14 onsdag ettermiddag.


Vestlandsnytt skreiv først at hendinga skjedde ved NAV-kontoret. Dette stemmer altså ikkje. Vi beklagar feilen. Red.