Stor og kostbar kursomlegging for PlaNy: Ventar betydeleg vekst

– Ei slik kursomlegging kostar, men eg har stor tru på at vi skal få betalt for satsinga.
Nyhende

Det seier Sigbjørn Notøy som representant for eigarane av PlaNy. Eigarane og styret har staka ut den nye kursen og profilendringa som gjer at sandebedrifta no er på veg til å bli ein systemleverandør innanfor havbruk og maritim næring.