NES oppgraderer ferje i Estland

Havyard-selskapet Norwegian Electric Systems har signert ei kontrakt med Baltic Workboats i Estland om oppgradering av framdriftssystemet på ferja Tõll.

Ferja Tõll   Foto: LMG Marin

Nyhende

Kontrakten går ut på å levere eit nytt batterihybrid-framdriftssystem til ferja Tõll, som seglar under ferjeoperatøren TS Laevad, heiter det i ei børsmelding onsdag. Målet er å redusere drivstofforbruket til ferja som til dagleg går i rute mellom dei vestlege øyane i Estland og fastlandet.  Installasjonen skal etter planen gå føre seg i fjerde kvartal 2019, og i følgje avtalen vil ferja vere klar for drift seinast februar 2020. Om prosjektet går som planlagt vil teknologien også bli installert på fire nye miljøvenlege ferjer frå TS Laevad.

Hybridløysinga er designa av LMG Marin og batteripakkane vert levert av Corvus Energy. Fridtjof Erichsen, regional salssjef in Norwegian Electric Systems, seier det har vore eit tett samarbeid mellom alle partane i salsprosessen.