Aasmund Torvik på Aqua-Nor: – Salet tek vi etterpå

– Vi er her for å vise oss fram og treffe kundar. Så får vi ta salsjobben i etterkant av messa.

RETTE PLASSEN: Aasmund Torvik er på messe for å treffe kundar, og for Lextor er havbruksmessa rette plassen.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Det seier Aasmund Torvik på Lextor sin stand på havbruksmessa Aqua-Nor. Blikkfanget på Lextor-standen, som er plassert under Møre og Romsdal fylkeskommune sin paraply, er bildegalleriet av båtar som herøybedrifta har levert. Storparten av båtane har gått til kundar innafor havbruk.