Der fekk han også for fyrste gong prøve den nye rullestolrampen som er tillaga framfor rådhuset. Den meiner han ikkje kan ha vore laga til med tanke på at det skal vere enklast muleg for brukarane, men av ein kontor-ingeniør utan særleg tanke på det praktiske.

– Fyrst må du kome deg ut av bilen, og etter å ha gått 20-30 meter er du tilbake til der bilen står. Men framleis er det eit godt stykke igjen til rådhusinngangen, seier Vedeld som etter eit slag har kjempa og trena seg fram til han no kan stå og gå på eigne bein med staven til hjelp.

– Det går ikkje fort, men eg kjem meg fram, og det var det ingen som trudde for nokre år sidan, legg Vedeld til.

No undrar han seg på kvifor ikkje rampen blei laga til med inngang rett frå handikapparkeringa, slik at brukarane hadde sloppe den lange omvegen dei no må forsere for å kome seg inn på rådhuset.

– Mykje billegare hadde det sikkert også blitt, men no er det for seint, seier han.