Med batteri og annan grøn teknologi skal dei tre hurtigruteskipa gå i heilårs ekspedisjonscruise langs norskekysten frå 2021. Dei tre skipa er Trollfjord, Finnmarken og Midnatsol, som òg får nye namn etter oppgraderinga: Maud, Otto Sverdrup og Eirik Raude.

Dei tre skipa følgjer i hekken på det nye hybriddrivne ekspedisjonsskipet Roald Amundsen, som Hurtigruten tok i bruk i sommar. Roald Amundsen er det første hybriddrivne cruiseskipet i verda.

– Med desse nye ekspedisjonscruiseskipa blir det mogleg å utforske Noreg som aldri før med all den komforten, fasilitetane og ekspertisen som trengst for å skape eit fullkomme eventyr. I kombinasjon med den banebrytande grøne teknologien kjem desse skipa verkeleg til å skilje seg ut, seier Hurtigruten-sjef Daniel Skjeldam i ei pressemelding.

Skipa skal òg få nye lågutsleppsmotorar og pussast opp innvendig på alle baugar og kantar.