I ei pressemelding hevdar bedrifta at ventetank-anlegget er det fyrste i sitt slag. Leveransane rundt systemet har ein verdi på kring 150 millionar kroner, og i tillegg til sjølve ventetankane med utstyr, leverer MMC First Process ein kontrollstasjon som kan fjernstyrast og haldast ved like frå MMC First Process i Noreg.

Eit gjennombrot

CEO i MMC First Process, Petter Leon Fauske, kallar kontrakten med Australis Seafood for eit gjennombrot når det kjem til deira landbaserte leveransar til oppdrettsnæringa.

– Vi har brukt totalkompetansen vår på fiskehandtering til å utvikle eit høgteknologisk system for desse ventetankane, seier Fauske.

– Kontroll på kvaliteten

Elles fortel den administrerande direktøren at MMC First Process har hatt nytte av erfaringane frå ventetankanlegget dei har levert til Bremnes Seashore.

– Ventetankar gjer at produsenten har kontroll på vasskvalitet og temperatur i tillegg til at fisken flyt stressfritt med straumen ut av ventetankane og er i svært god kondisjon når den kjem inn i bløggesystemet.

– MMC First Process har sidan 2006 utvikla eit helt unikt system med sirkulære tankar og ein spesiell fortrengingsløysing som sikrar optimal sirkulasjon og flytting av fisken.

I ventetankane på land blir kaldt og friskt vatn henta frå djupet, det blir tilsett oksygen, CO2 blir fjerna og avløpsvatn blir reinsa. Rømming er også utelukka.

– Med ventetankar på land har ein full kontroll med vasskvalitet og kvalitet på fisken samtidig som man får ein buffer for prosessanlegget utan å forureine det ytre miljø, forklarar Fauske

Oppfyller strenge miljøkrav

Australis Seafoods byggar no ein ny fabrikk sør i Chile der miljøkrava er store, og dei får ikkje lov å legge ut ventemerdar. Generelt kan ventemerdar med levande fisk i hamnebasseng by på utfordringar alle stadar, og ordninga kan bli forbode både i Noreg og i Chile. Desse utfordringane blir løyst med anlegget frå MMC First Process.