– Der er ein føresetnad. Prosessen må bli starta opp innan 1. juli 2020, seier avdelingsbanksjef i Fosnavåg, Henning Karlsen.

Gåvesjekken vart overrekt rådmann Olaus-Jon Kopperstad under eit informasjonsmøte i SpareBank 1 sine kontor i Fosnavåg torsdag ettermiddag. Rundt bordet sat fleire eldsjeler, i tillegg til representantar frå både banken og kommunen.

Rådmannen lyfta litt på augebryna då han såg summen på sjekken.

– Vi hadde kanskje forventa at det skulle kome nokre hundre tusen, men at det skulle ende på éin million var no litt i overkant av det eg hadde tenkt, seier han.

– Dette er eit viktig signal om at her er gode, sterke krefter som ønskjer å få til dette.

Legg press på politikarane

I kommunen sin økonomiplan er det budsjettert med 1,2 millionar kroner til prosjektet i 2022.

– Med éin million på toppen av dette, er vi allereie kanskje halvvegs i finansieringa. Det må seiast å vere ein «flying start», seier rådmannen.

Det synest også tre andre spesielt inviterte gjestar denne torsdag ettermiddagen: Bjørn Martin Aasen (Herøy Rotary), Bjørn Otterlei (eldsjel som tidleg var involvert i prosjektet) og Andreas Kvalsund (tidl. kommunetilsett og medlem i Heida Vel).

– Det som er viktig no er at kommunestyret ser moglegheita til å lyfte dette prosjektet så langt fram at dette ikkje berre blir ein sjekk som kommunen ikkje ser seg i stand til å innløyse. Det vert stilt krav. Difor bør kommunen kanskje matche beløpet frå SpareBank 1 og få det inn i budsjettet for 2020, seier Bjørn Martin Aasen.

Helse, trivsel og attraktivitet

Ingen har søkt banken om midlar til naturstien. Det er noko dei, med Henning Karlsen i spissen, har teke initiativ til heilt sjølve.

– Det er eit godt tiltak i høve til helse og trivsel i kommunen, han, og held fram:

– Slik Myklebustvatnet står no, gror det berre igjen og vert forsøpla. Viss vi får ein tursti rundt det, får vi kanskje meir fokus på verdien av det unike vatnet, slik at vi rett og slett kan lære opp alle til å ta vare på det. Dessutan kan det vere attraktivt for besøkande.

Banktilsett Lasse Myrhol legg til:

– Det handlar både om å informere folk om kva for fugle- og dyreliv som finst i området og å få ein natursti som alle kan nytte seg av.

Karlsen ønskjer også at ein får på plass skilting frå hotellet, både til turstien på Heid og til den nye naturstien rundt Myklebustvatnet, slik at også turistane finn fram.

Viktig med eldsjeler

Det er ikkje til å stikke under stol at det førre store folkehelsetiltaket i Herøy, nemleg Heid tursti, ikkje hadde sett dagens lys om det ikkje var for samarbeidet med Heida Vel og alt dugnadsarbeidet dei la ned. Slik må det også bli denne gongen, trur Andreas Kvalsund.

– Kommunen må stå som utbyggar, men det gjeld å finne ein organisasjon å samarbeide med. Det kan vere til dømes ei bedrift, eit fond eller eit idrettslag. Det er organisasjonen som kan søke på midlar utanfrå, som til dømes Gjensidigestiftelsen, seier han.

Å finne ein slik organisasjon vert truleg ein jobb kommunen må gå i gang med relativt snart.

– Møtet i dag må bli sett på som eit første, viktig møte, og så må vi treffast igjen for å finne ut kva for modellar for samarbeid som skal bli nytta og korleis prosessen går vidare, seier rådmannen.