I dagens avis skriv vi om at Mattilsynet framleis raslar med sabelen når det gjeld villgeitene på Sandsøya og Skorpa. Tilsynet set krav om at geitene, som dei omtalar som «forvilla», må merkast. Alternativet frå statleg hald er at dyra vert avliva.

Det dreier seg om etterkomarane etter geiter frå ulike gardsbruk på 50- og 60-talet. Det er altså mange, mange generasjonar sidan dyra var ein del av lokalt husdyrhald. Takka vere eit rigid regelverk står dyra no i fare for å verte jaga og merka, og om det ikkje let seg gjere å fange dei inn, i versta fall avliva.

Lokalt vert geitene rettmessig omtala som «villgeiter». Det er flokkar som opp gjennom åra har variert i omfang, men dei har klart seg rimeleg bra ute i havgapet.

Om det er slik at innavl trugar bestanden, får ein heller flytte nokre bukkar frå Sandsøya til Skorpa, og omvendt. Dei to flokkane har i fylgje ein studie føreteken av Norsk genressurssenter ein unik DNA. Det ville vere synd om dyra skulle forsvinne frå norsk jord takka vere eit firkanta regelverk der dei faktisk blir definerte halvvegs som husdyr, berre fordi dei er geiter.

Vi ser heller ikkje kvifor ein skal setje opp bygningar og ved behov drive med ekstraforing av dei to geiteflokkane. Det er ville dyr med tjukk pels, og som verkar å klare seg veldig godt når det kjem til næringsinntak. Til liks med hjortedyr og andre ville dyr opplever sikkert også geitene periodar med dårleg mattilgang, men slik er no ein gong naturen.

La difor geitene vere i fred. Kanskje kunne ein heller brukt pengar – om ein absolutt skulle bruke statlege ressursar på dyra – på informasjonskilt eller liknande, slik at tilreisande til begge øyane kunne få vite meir om den urgamle rasen.