Slik saka står no så er administrasjonen sin førebelse konklusjon til formannskapet at kommunen kjøper tilbake eigedomane. Det gjer avdelingsleiar Ole Magne Rotevatn klart i eit brev til Nils Chr. Gevelt.

Gevelt er hovudinvestoren bak Nordic Resort sine planar om å satse på eit stort resortanlegg i Torvika.

Utsette byggefristar

Nordic Resort fekk overført eigedomane i 2015, med to års byggefrist, men på grunn av marknadsmessige forhold fekk dei utsett byggefristen frå 2017 til 2019. Realisering av planane synest framleis vere langt opp og fram, og ein søknad om ny utseting på seks år nærmar seg politisk behandling i kommunen.

Strid om industrieigedom

Ei anna side av same sak er striden som har oppstått mellom Gevelt og Aasmund Torvik. Kjerna i den striden er sistnemnde sin industrieigedom i same området, Vikane eigedom, som er regulert til Nordic Resort sitt føremål. Usemje om pris er framsilt som årsak til at Vikane eigedom enda ikkje er innløyst i tråd med intensjonsavtalen mellom dei to.

I staden har Torik lansert utvidingsplanar for si verksemd og søkt kommunen om å starte ei omregulering i høve til dette føremålet.

Ikkje utsikter til semje

Avdelingsleiar Rotevatn ser det ikkje som realistisk at dei to skal greie å kome til einigheit om eigedomen, verken med to eller seks års utsetting.

Når de ikkje greier å få hand om arealet, og heller ikkje vil starte opp før de har fått hand om det, kan vi ikkje sjå det er grunnlag for å gi ny utsett byggefrist, skriv Rotevatn til Gevelt.

Vil avvente møte

Ifylgje Rotevatn vil han likevel vente med å legge fram saka til ein delegasjon frå Nordic Resort har hatt møte med kommunen. Det er Gevelt som har sett fram ønskje om eit slikt møte med kommunen.