Det var etter at representantar for Kystverket, under ei samling på Kvilehytta på Åheim, hadde gjort greie for det dei har kome fram til i den siste rapporten sin, at statsråden kom med sin kommentar. Han rosa Kystverket sitt arbeid etter merknadene som hadde kome i KS2 i fjor, og sa at ein no i departementet arbeider med dette grunnlaget og at det altså, slik han ser det, vil bli lagt fram forslag til såkalla styringsramme for Stortinget i løpet av hausten. I praksis er dette ein invitasjon til eit endeleg ja eller nei til tunnel.

– Vi kan ikkje gå rundt grauten lenger. Det må kome ei avgjerd, sa Dale.

Budsjettmidlar?

Når det gjeld midlar i statsbudsjettet sa Dale til oss etter samlinga at det ikkje er teke standpunkt til korleis regjeringa sitt framlegg til Stortinget skal skje. Men det må bli anten som ein del av statsbudsjettproposisjonen, eller som eiga sak. Akkurat det meinte statsråden er av underordna tyding. Det viktige var å få saka fram til endeleg avgjerd etter alle rapportar og utgreiingar gjennom mange år, meinte han. På vårt spørsmål om kva tid ein kunne rekne med byggestart om Stortinget kjem med sitt ja i haust, svara Dale:

– Det vesentlege er ikkje når eit arbeid byrjar, men når det blir ferdig. Og det skal vi greie innan den fristen som er sett i NTP, kanskje til og med litt før, om Stortinget seier ja i haust, sa Dale.

Grunnkjøp

Varaordførar i Vanylven, Bjarne Særenes (Frp), som saman med ordførarkandidatkollega Anfinn Sjåstad i Stad Frp representerte vertskapet for samlinga, tok i sin appell fram mellom anna kor viktig det er at dei som bur i området no må få ein beskjed om ikkje »leve på vent» i fleire år.

Prosjektleiar Randi Humborstad sa også til oss at vona ligg i å få ei løyving nett til grunnkjøp alt i år. Det vil vere viktig for dei som bur der og må flytte frå husa sine, samstundes som det vil vere eit handfast prov på at tunnelen blir bygd.

Men nokon direkte lekkasje frå statsbudsjettet fekk vi ikkje frå Dale i denne omgangen, utover å seie at han er forplikta på dei lovnader han har gjeve i samband med valet for to år sidan.

Kystverket orienterte

Fagansvarleg for saka i Kystverket, Jarle Strand, orienterte forsamlinga om Kystverket sitt arbeid som no er avslutta. Her konkluderer dei med at dei kan bygge Stad skipstunnel innanfor ramma av det som ligg i NTP, kanskje til og med noko under.

Han peikte på at når samfunnsnytten er negativ trass i store innrekna inntekter og innsparingar, ligg mykje av forklaringa i at mange faktorar ikkje lar seg berekne med dei metodane ein har, såkalla ikkje prisfastesette faktorar. Det gjeld til dømes effekten på reiseliv og turisme.

Viktig for næringslivet

På møtet på Kvilehytta, arrangert av FrP-laga i Vanylven og nye Stad kommune, var også representantar for lokalt og regionalt næringsliv inviterte for å seie noko om kor viktig skipstunnelen er for dei. Mellom anna var regiondirektør i MOWI, Asgeir Hasund, frampå med ei kort og klar støtte til tunnelen. Vidare hadde mellom andre Ståle Aahjem, Nils Per Sjåstad og Svein Hansen ordet.