Skuleåret 2018/2019 tok oppvekstsektoren i Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven og Volda i bruk eit nytt digitalt, administrativt system – Tieto Education. Systemet gir oversikt over elevane, deira fag- og klassetilknyting og kontaktinformasjon til føresette. I tillegg nyttar lærarane løysinga til å føre fråvær og vurderingar på elevane.

No vert det lansert ein mo- bilapp for føresette som skal erstatte meldeboka. Appen gir dei føresette tilgang til timeplanen til sin/sine elevar, samt å melde kortidsfråvær og kommunisere med skulane.

Føresette som har barn i barnehage, vil sjå at ein har fleire av same funksjonane her. Dette er ikkje klart til bruk enno, men i løpet av kort tid vil ein kunne melde fråvær og kommunisere med barnehagen på same måte.

Av omsyn til personvernet, må ein logge på appen ved hjelp av elektronisk ID (MinID, BankID eller tilsvarande). Dette vil dermed vere ein tryggare kommunikasjonskanal enn til dømes e-post/sms.

Appen heiter «Tieto Edu» og kan no lastast ned via AppStore eller GooglePlay. For dei som ikkje ønskjer eller har høve til å nytte ein app, vil det vere mogleg å logge på via ei nettside.

Meir informasjon vert sendt direkte til føresette, samt lagt på skulane og kommunen sine nettsider.