Turneen til partisekretæren startar i Ålesund tysdag og blir avslutta i Vanylven dagen etter. På turen skal ho innom sju kommunar og høyre korleis lokale ordførarkandidatar ønsker å skape sterkare fellesskap i sine kommunar.

I tillegg til Ålesund og Vanylven skal Stenseng innom Sykkylven, Ørsta, Herøy, Sande og Ulstein i løpet av desse to dagane. Der får ho høyre ordførarkandidatane fortelje om utfordringane dei ser i sine kommunar og kva for tiltak partiet har lokalt for å løyse desse.

Næringslivet på Sunnmøre er blant dei som har blitt høyrt med satsing på havet, som ein viktig berebjelke i Ap sin nye næringspolitikk.

Det blir også tid til tradisjonelle veljarmøte i løpet av turneen.

I Herøy skal Kjersti Stenseng delta på stand i Myrvåg saman med ordførarkandidat Bjørn Prytz og andre lokale Ap-kandidatar til årets val. Kanskje blir det også tid til husbesøk i området. Dette blir den offisielle opninga av valkampen for Arbeidarpartiet i Herøy.