Det er for tida ei stor nasjonal reform på gang i det norske skulestellet, ei reform som har fått namn Fagfornyinga. Kort forklart inneber denne reforma at både den norske utdanninga sitt innhald og organisering, og innretninga på utdanningsoppdraget, skal fornyast og forbetrast. I den fyrste fasen, som no er avslutta, er det på bakgrunn av tre innspelsrundar fastsett kjerneelement i fagopplæringa – det elevane må lære seg for å kunne meistre og ta i bruk fag, og det viktigaste faglege innhaldet elevane skal arbeide med i opplæringa.

Arbeidet i den fyrste fasen har lagt grunnlaget for den andre fasen, der det no utarbeidast nye læreplanar i den norske skulen. Desse læreplanane skal vere klare innan 1. november i år. Fase tre av reformprosjektet, planleggings- og iverksetjingsfasen, er likevel allereie i gang før dette skjer, også i Herøy. Her var nemleg reformarbeidet det gjennomgåande temaet når tilsette i oppvekstsektoren i Herøy møttest til fagsamling i Fosnavåg på onsdag. Der blei dei deltakande losa gjennom to foredrag, der viktige endringar som skulen står overfor vart diskuterte og reflekterte rundt. Vestlandsnytt var innom for ein kort prat med foredragshaldarane og kommunalsjefen for oppvekst i Herøy, Sølvi Lillebø Remøy.

– Mykje nytt

– Det er ganske mykje nytt som no skjer i den norske skulen, og vi set no i gang arbeidet med å førebu alle dei tilsette i oppvekstsektoren på endringane som trer i kraft hausten 2020, forklara Remøy, som også kunne opplyse om at dette arbeidet vil gå føre seg heile det komande skuleåret for Herøy sitt vedkomande.

Det vil bli både leiaropplæring, skulebasert arbeid. Kommunale nettverk for barnetrinn, leiarar og lærarar, samt interkommunale nettverk for ungdomstrinn, leiarar og lærarar er også noko det vil vere fokus på, forklara Remøy.

Fagfornyinga skal derimot ikkje vere noko heilomvending, i alle fall ikkje om vi skal tru foredragshaldar Lars Myhr. Myhr jobbar til dagleg ved Senter for praksisretta utdanningsforsking og omtalar reforma som ei kursendring.

– Det blir ikkje store dramatiske forandringar, vi skal derimot justere kursen. Ei av dei justeringane er at ein i større grad må ta på alvor nokre grupper elevar vi ikkje ser ut til å nå fram til. Vi klarer ikkje å løfte fram alle elevar like godt. Eit døme er barn der foreldra har låg utdanning, forklara Myhr til Vestlandsnytt.

Ein annan ting som vart framheva av både Remøy og Myhr er at mange elevar strever med det faktum at det er for mange mål i skulen.

– Sentralt i denne reforma er vi skal redusere talet på mål og snarare fokusere på å kome djupare ned i forståinga på færre område, sa Myhr.

– Elevane skal lære betre det dei fyrst lærer seg, og samstundes lære seg å nytte det i praksis og livet. Vi skal ha ei litt meir praktisk tilnærming til det å lære, utdjupa Remøy.

Ei djupare forståing

Onsdagens andre føredragshaldar, lærar Ingvild Skogestad, var på seminaret for å snakke meir om korleis fagfornyinga vil merkast i klasserommet. Ho kan reknast som ein lærar som allereie har teke innover seg korleis ein etter kvart skal tilpasse seg dei nye måla med tanke på læremiddel og metodar i klasserommet.

– Eg brukar ikkje lenger bøker i mine mattetimar, og eg har heller ikkje matteprøver. Litt av det eg prøvar å formidle i dag er at ein ikkje er nøydd til å binde seg opp mot spesielle metodar og materiale for å lære. Vi må ta i bruk det rette verktøyet til rett tid, og vi får rom til å finne den rette metoden for alle elevane. Om det er ei lærebok eller det er Minecraft (populært dataspel red.mrk) er ikkje det viktige.

– Det viktigaste er at det fungerer til formålet, og det er at vi skal lære elevane og lære. Vi skal gi dei verktøya slik at dei kan anvende det i livet utanfor klasserommet. Dei skal ikkje berre lære seg kva dei skal gjere for å kome fram til det rette svaret, men også kvifor det er slik, sa Skogestad til Vestlandsnytt.