– For meg er det ei kampsak at ungdomen engasjerer seg i kyrkja. I dag er det diverre mange av mine jamaldringar som verken er kristne eller har noko forhold til kyrkja. Det har truleg ein del å gjere med litt steile og gamaldagse haldningar i kyrkja å gjere.

Det seier 19-åringen frå Larsnes som er ein av tre sandssokningar som er å finne på Åpen Folkekirke si liste til det komande valet i Møre bispedømeråd.

Ikkje lett å vere ungdom

– Det er ikkje lett å vere ungdom i dag. Mange ungdomar har i utgangspunktet eit forhold til kyrkja, men om kyrkja er meir open, kan det samstundes bli lettare å vere ungdom. At ein får «vere kristen slik ein vil», kan styrkje sjølvkjensla og sjølvtilliten, seier ho.

Ida Therese er kristen, og ho stolt av det. Like stolt er ho over å representere Åpen Folkekirke.

Åpen Folkekirke har ein sterk talsmann både lokalt og nasjonalt i sandssokningen Olav Myklebust. Ida Therese legg ikkje skjul på at Myklebust har vore inspirerande i hennar val.

Kampen for likeverd

Sjølv er Ida Therese heterofil, og det er kampen for likeverd ho ynskjer å ta gjennom å representere Åpen Folkekirke.

– Eg har støtta dei homofile sine rettar i fleire samanhengar, mellom anna i Pride-parade, fortel Ida Therese. Ho ber eit tydeleg signal på det rundt eine armen, i form av eit regnboge-armband.

Den unge larsnesingen er dirigent for Ytre Gurskøen Ten-sing, er medlem av KFUK/KFUM og har ved høve også steppa inn som medhjelpar i kyrkjeskulen i Sande. Engasjementet er det ingenting å seie på.

I ein felles uttale frå Åpen Folkekirke sin leiar Therese Utgård og Ida Therese Frågodt heiter det mellom anna:

– Møre er eitt av få bispedøme der skeive framleis blir diskriminerte ved tilsettingar. I utlysingstekstar står det: «Opplysninger om samlivsform vil bli etterspurt og kan bli vektlagt», noko som rammer skeive prestar.

– Eg er for ei meir tolerant kyrkje der folk kan utøve trua si slik dei ynskjer det. Eg personleg meiner kyrkja må opne for ulike tolkingar og praktiseringar av det å vere kristen, seier Ida Therese Frågodt til Vestlandsnytt.

Kyrkja er så viktig for mange, og ein så viktig samfunnsaktør, at kven som vert valde til å styre kyrkja, bør få meir merksemd, heiter det frå Åpen Folkekirke.

Tre bispedømelister

Åpen Folkekirke fekk i 2015 fleirtal i valet, og dermed kunne homofile og lesbiske gifte seg i kyrkja. Men det finst sjølvsagt mange som har andre meiningar, og i år har ei tredje liste meldt seg på i tillegg til Nominasjonslista og Åpen Folkekirke, nemleg Bønnegruppa. Dei kjempar mellom anna for å få omgjort vedtaket om kyrkjelege vigsler av homofile.

Ungdomen må stemme

– Som ungdomskandidat ynskjer eg å kome med ei oppmoding til dei yngre om å bruke stemmeretten sin, seier Ida Therese, som minner om at dei frå 15 år har stemmerett både ved soknerådsvalet og bispedømerådsvalet.

Dei to andre frå Sande på lista er Olav Myklebust og Trine Lise Auflem Vik.