Om det går slik rådmannen legg opp til, treng ikkje folk i Grøndhaugen frykte for å få ein gravplass i nærområdet sitt. Også alternativet på Hjelmeset er tilrådd lagt vekk når politikarane no skal velje ny gravplasstrategi for Bergsøy og Leinøy.

Manglande mulegheiter for utviding, både på Hjelmeset og i Grønhaugen, er viktigaste årsaka til at rådmannen ikkje ser på desse alternativa som noko å gå vidare med. Dessutan meiner han at det i gravplassanalysen ikkje er teke noko omsyn til alle kjenslene som er knytte opp til plassering av gravplassar.

Rådmannen legg òg til grunn at etablering av ein niande gravplass i kommunen vil gi uheldige økonomiske konsekvensar for drifta av gravplassane i kommunen.

Vil sjå vidare på Flusund

Derimot er rådmannen si tilråding ikkje like godt nytt for grunneigarane i Flusund. Trass i avtalen dei har med kommunen om at det ikkje skal utvidast meir i Flusund, er det nettopp ei slik mulegheit rådmannen tilrår å sjå nærare på når formannskapet får gravplassvalet på bordet no på fyrste møtet etter ferien.

Medan grunneigarane i Flusund meiner kommunen må respektere tidlegare inngått avtalar, meiner kommuneadvokaten – under tvil – at avtalen ikkje kan vere bindande for kommunen.

Inga soleklar enkeltløysing

Målet med gravplassanalysen har vore å finne ei langsiktig løysing på gravplassproblematikken i Herøy, og det er særleg situasjonen i Flusund som har gjort dette til ei hastesak. Norconsult, som har laga analysen, konkluderer sjølv med at dei ikkje har greidd å finne noko alternativ som både er stort nok til å dekke behovet i førti år, er godt eigna og sentralt plassert i høve til Herøy kyrkje.

Rådmannen slår fast at Frøystadmyrane er det einaste alternaivet for ein felles gravplass i Herøy. Slik rådmannen ser det er det eit spørsmål om kommunen er villig til å endre dagens tradisjon og erstatte dei lokale gravplassane med ein gravplass for heile kommunen.

Flusund og Frøystad

Rådmannen har landa på ei kombinasjonsløysing der ein jobbar med vidare avklaringar av alternativa Frøystadmyrane og Flusund. For Frøystadmyrane rår det usikkerheit knytt til grunnforholda, medan han i Flusund er ute etter å få teikna ut eit meir realsitisk alternativ.

I Flusund er det mellom anna usikkert kor vidt kapasiteten ved ei utviding må reduserast som følgje av fornminnefunna som er gjort i området.

Oppdraget rådmannen ber om frå politikarane er å greie ut ei redusert utbygging på Frøystadmyrane, kombinert med gjenbruk av gravfeste i Flusund.

Ikkje noko endeleg

– Eg rår til at vi legg vekk dei alternativa som er uaktuelle, og at vi jobbar vidare med dei to som peikar seg ut, seier Kopperstad og presiserer at han ikkje har konkludert med tanke på spørsmålet om berre gjenbruk i Flusund, eller både gjenbruk og utviding der.

Tanken med tilrådinga er at politikarane ikkje skal binde seg til noko på noverande tidspunkt, men drøfte saka og kome med tilbakemelding til administrasjonen om korleis ein skal jobbe vidare for å finne ei løysing på gravplassituasjonen for Bergsøy og Leinøy.