– Dette er ville geiter, sjølv om Mattilsynet kallar dei «forvilla geiter». Det er etterkomarar etter husdyr frå fleire gardar, og flokken har gått i Dollsteinen og andre stadar vekk frå folk sidan 60-talet.

Det seier Terje Follestad, som er Mattilsynet sin lokale kontaktperson for stammen av kystgeiter.

Han fekk i 2016 beskjed frå Mattilsynet om å samle inn geitene og merke dei. Men det ynskte ikkje Follestad.

– Ikkje berre vil det vere svært vanskeleg å samle dei og merke dei. Det er framleis ein stamme som kjem til å gå ute som villgeiter, seier Follestad.

Terje Follestad, lokal kontaktperson for kystgeitstammen på Sandsøya. Foto: Endre Vorren

Han sende inn ein klage på Mattilsynet sitt vedtak om å få dyra merka, men tidlegare i år fekk han avslag frå Mattilsynet på denne klagen.

Mattilsynet sitt vedtak frå 20. november lyder ikkje berre på merking av dyra, men også «eventuelt destruksjon». Med andre ord at kystgeitene kan bli avliva.

Norsk genressurssenter oppdaga ved ei tildelfigheit kva som held på å skje med villgeitstammen på Sandsøya. No har dei engasjert seg saka, og ber Mattilsynet om å avvente å effektuere vedtaket om merking eller destruering.

Genressurssenter har ei rekkje ankepunkt mot framgangsmåten til Mattilsynet.

Unik DNA

For det første syner dei til at flokkane på Sandsøya og Skorpa har gått forvilla sidan 1950- og 60-talet. Dei har også ein heilt unik DNA som dessutan er ulik kystgeitene i Selje.

Genressurssenteret klagar også på eit uklart vedtak, med svært kort frist. Dei støttar også synspunkt om at merking ville vere ei svært stor påkjenning for geitene. Det vert også lagt til at dette ville vere ei stor påkjenning på lokalbefolkninga.Det vert vidare synt til at merkekravet berre gjeld for dyr som er rekna for handel, noko villgeitene på Sandsøya sjølvsagt ikkje er.

Genressurssenteret slår vidare fast at villgeitene ikkje har nokon juridisk eigar, noko også oppsynsmann Follestad stadfestar overfor Vestlandsnytt.

Same skjebne på Skorpa?

Fagleg leiar Nina Sæther i Norsk genressurssenter meiner dessutan at eit vedtak om krav til merking av Sandsøya-geitene vil ha negative konsekvensar for kystgeitene på naboøya Skorpa.

Protesterer: Nina Sæther og Norsk genressurssenter protesterer mot Mattilsynet sine planar. Foto: Norsk genressurssenter

Mattilsynet gav i desember 2018 fråfall om kravet til merking av Skorpa-geitene. Ei av grunngjevingane er at desse geitene er på ei aude øy som dei ikkje kjem seg ifrå. Då denne saka vart behandla la Mattilsynet også til at det vert jobba med ei tilsvarande sak på Sandsøya, og at «det vil vere rettast å avvente resultatet frå denne».

Genressurssenteret fryktar no at flokken med kystgeiter på Skorpa kjem til å få same pålegget om å bli merka eller avliva som flokken på Sandsøya har fått.

– Dette vil bety at begge dei to flokkane med forvilla kystgeiter vi har i Norge, og som genetiske studiar syner er genetisk unike samanlikna både med norsk mjølkegeit og dei tamme kystgeitene i Selje, har stor risiko for å bli destruerte, konklderer ressurssenteret.

Heller ikkje den lokale oppsynsmannen, Terje Follestad, som altså ikkje er eigar, skjønar kvifor Mattiilsynet på død og liv skal merke eller avlive geitene.

– Vi er dessutan like kringflødde på Sandsøya som Skorpa. Geitene tek uansett ikkje ferja. Det er ville dyr langt ute i berghamrane ved Dollsteinen, seier Follestad.

Mattilsynet: – Slik er reglane

- Slik er reglane, seier seksjonssjef Anne Stine Foldal Aam i Mattilsynet. Foto: Mattilsynet

Mattilsynet på Sunnmøre har prøvd å få til eit eige regelverk for kystgeitene på Skorpa og Sandsøya.

– Vi også ser at det kan vere litt firkanta å krevje at geitene vert merka eller avliva, men slik er reglane, seier seksjonssjef Anne Stine Foldal Aam ved Mattilsynet på Sunnmøre.

Ho seier dei førebels avventar kva Mattilsynet sentralt seier om denne saka, ikkje minst i lys av det seinaste innspelet frå genressurssenteret.

– Dei blir rekna som forvilla husdyr, og difor er det krav om merking. Det finst også krav til dyrevelferd, og både på Skorpa og Sandsøya kan det vere magre tider for flokkane, ikkje minst når det er snørider under kjèing.

– Lokalt har vi prøvd å få gjennomslag for eit eige regelverk for forvilla flokkar, så langt utan å lukkast, heiter der frå seksjonssjefen.

Foldal Aam legg til at det beste, om ansvarlege mynde kunne støtte det, ville vere om begge geitestammane også fekk gå under tak, og gjerne også bli fora ved behov.