- Som eit ledd i å realisere vår vekststrategi, ønskjer vi å styrke oss med meir kompetanse og kapasitet innanfor det byggtekniske området, både når ein kjem til berekningar, prosjektering og prosjektleiing.

Det seier konsernsjef Håvard Haanes i ei pressemelding om oppkjøpet av den Hareid-baserte bedrifta. Ingeniørselskapet er kjent for å levere byggtekniske rådgiving- og prosjekteringstenester til byggebransjen og til den kommunaltekniske bransjen.

Same divisjon som Brimer

Utbyggingsteknikk vil elles inngå i konsernet sin prosessteknologi-divisjon, saman med Brimer og ServiTech.

- Vi vil med dette kunne levere eit breiare produkt- og tenestespekter til våre kundar, og vi styrker vår eigen kapasitet på eit strategisk viktig område, seier leiar for prosessteknologi-divisjonen Stig Stokke.

Per Håkon Kleppe og Sindre Breivik i Utbyggingsteknikk seier at dei gleder seg stort til å kunne få bidra inn i eit vekstselskap som Entec.