«Jeg samtykker ikke i tiltaket», skriv naboen som er busett i Ålesund.

Nabovarsel er utsendt i samband med at Nerlandsøy grendalag vil ta opp igjen aktiviteten på baneanlegget som Adventura tidlegare fekk etablert ved steinbrotet på Kopperstad. I staden for at motorkrossbana skal ligge der gjengrodd og ubrukt, ønskjer grendelaget å skape aktivitet for unge som ikkje nødvendigvis vil drive med fotball eller handball.

I samband med gjenopptakinga av aktiviteten har kommunen ikkje greidd å dokumentere at det har vore gitt løyve til slik aktivitet. Truleg var tiltaket ikkje vurdert å vere søknadspliktig, men eit løyve må til for at Nerlandsøy motorsportklubb skal kunne registrere seg i Norges motorsportforbund.

Søknaden er òg sendt til fylkeskommunen på høyring.

Kommunen ser dette som ein formalitet då bana allereie er etablert og vil høgst truleg kome med ei positiv innstilling, skriv ass. rådmann Andreas Chr. Nørve i oversendinga til fylket.