Søvik Nygård vil dermed korrigere frivilligheitskartet som «Frivillighet Norge» har teikna over fylket vårt. Ifylgje dei er Ålesund og Molde dei einaste kommunane i fylket med plan for vekst og utvikling i frivillig sektor (Vestlandsnytt 1. aug.

Søvik Nygård viser til planen for demokrati som Vanylven kommunestyre godkjende tidlegare i år med eige kapittel om frivilligheit. Målet med planen, som er utarbeidd i nær dialog med dei frivillige organisasjonane i kommunen, er å systematisere innsatsen på frivil- ligfeltet og legge til rette for samskaping mellom frivillige og kommunen på ulike samfunnsområde.