Sparebanken Møre auka inntektene med 68 millionar kroner fyrste halvår

For 2. kvartal isolert var resultat etter skatt 179 mill. kroner, opp frå 174 mill. kroner frå tilsvarande kvartal i fjor.

Administrerande direktør i Sparebanken Møre Trond Lars Nydal  Foto: Bjørnar T. Sævik

Nyhende

Det går fram i ei pressemelding onsdag morgon. Eigenkapitalavkastninga blei 12,0 prosent i kvartalet, og 11,5 prosent for fyrste halvår.

I første halvår har bankens inntekter økt med 68 mill. kroner samanlikna med same periode i fjor. Kostnadene er 18 mill. kroner høgare, medan kostnadar i prosent av inntekter er redusert med 1,4 prosenteiningar og enda på 40,7 prosent. Tapa er framleis låge.

– Vi konstaterer at eit sterkt fokus på lønnsemd og effektivitet har gitt resultat. Gjennom god underliggande drift har vi styrka både rentenettoen og andre inntekter i perioden. Resultatet er at vi per utgangen av juni ligg i forkant av våre eigne finansielle målsettingar, og er godt posisjonert for vegen videre, seier administrerande direktør i Sparebanken Møre, Trond Lars Nydal.

God vekst

Sparebanken Møre kan vise til god vekst for både utlån og innskot pr. 1. halvår 2019. Utlån til personkundar og næringslivskundar har auka med 6,2 prosent dei siste 12 månadane, medan innskotsveksten er ni prosent i same periode.