Dette opplyser bankkonsernet i ei pressemelding onsdag formiddag. Resultatet kjem av sterk kundevekst, kostnadseffektiv drift, låge tap samt god avkasting på finansielle investeringar, heiter det vidare. Driftskostnadane i banken er reduserte med 4,2 millionar kroner samanlikna med same periode i fjor.

- Resultatet viser at banken er inne i ei god utvikling. Vi veks, aukar inntektene frå bankdrifta og har kontroll på kostnadane. Tapa er låge, og kvaliteten i utlånsportofølja er god. Det gir tryggleik for både kundar, eigarar og dei tilsette, seier administrerande direktør i Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Stig Brautaset.

Banken har elles hatt ein samla vekst i utlån, inkludert lån overført til kredittføretak, på 11 prosent dei siste 12 månadane. Av dette er 9,1 prosent i personmarknaden og 21,8 prosent i bedriftsmarknaden. Det siste året har dei også hatt ein auke i innskot på 13,7 prosent, derav 7,3 prosent i personmarknaden og 24,6 prosent i bedriftsmarknaden.

Veksten i bedriftsmarknaden kan sjåast i lys av utlånsreduksjonen i 2016 og 2017, og det er venta ein noko lågare prosentvis vekst i tida som kjem.

- Det er knallhard konkurranse om kvar einaste kunde. Den sterke veksten som ligg godt over marknadsveksten er ei stadfesting på at vi er attraktive, konkurransedyktige og tilbyr høg kvalitet i rådgjevinga vår, seier Brautaset, som trur den positive utviklinga vil halde fram.