19. sepember vil Fosnavåg igjen vere samlingsstad for indusrien og offshorenæringa på Søre Sunnmøre når Kyllingstad Kleveland Advokatfima byr inn til ny offshorekonferanse på Thon Hotel Fosnavåg.

Konferansen vil vere ei oppfylging av suksessen frå i fjor med Fearnley Offshore Supply og Fosnavåg shippingklubb som medarrangørar.

Marknaden er i betring, men framleis krevjande med stadige utfordringar knytta til inntening. Det medfører at ytterlegare grep og tiltak er nødvendig for dei mange som treng å betre den finansielle situasjonen, heiter det i innbydinga til konferansen. Desse utfordringane vil industrien sine foredragshaldarar settte fokus på under konferansen.