Med denne tilrådinga seier rådmannen seg samd med Herøy næringsforum i at deltaking i reiselivs- og næringslivsprosjektet Havlandet As vil vere ein god måte å bruke RDA-midlar på. Spørsmålet er no korleis ein best kan nytte dei resterande RDA-midlane til å skape varige arbeidsplassar og inntekter i kommunen.

To heile sstillingar

Etter næringsforumet si tilråding skal nærings- og reiselivssatsinga til Herøy kommune drivast gjennom aksjeselskapet Havlandet, som eit treårig reiselivs- og næringslivsprosjekt med to heile stillingar. Den eine i ei kombistilling som dagleg leiar og næringsutviklar, den andre som reiselivsutviklar.

6,6 millionar kroner

Rådmannen tilrår å dele prosjektkostnaden på 6,6 millionar med 4,4 mill. koner frå RDA-midlane som næringslivet sitt bidrag. Resten blir eit aksjonærbidrag frå Herøy kommune som kommunen kan hente frå disposisjonsfondet.

Tydeleg organisering

Ifylgje reiselivsrapporten for Herøy kommune er mangel på tydeleg organisering og koordinering den største utfordringa for reiselivsnæringa i Herøy. Rapporten peikar på koordinering, produktutvikling om samarbeid med overordna desti- nasjonsselskap som viktige oppgåver nettopp slik ein legg opp til i Havlandet As, påpeikar rådmannen.

Slik rådmannen ser det stemmer søknaden frå Herøy næringsforum godt overeins med kommunen sine eigne vedtak og målsettingar på området. Mellom anna heiter det i kommuneplanen at kommunen ønskjer å satse på miljøvenleg turismeretta næring for å auke verdiskapinga i kommunen.

Modell frå Rauma

Herøy næringsforum og Herøy kommune har i denne samanhengen sett til Rauma kommune som har eit samar- beidsprosjekt kalla Nordveggen As. Havlandet As er tenkt oppbygt etter denne modellen, men tilpassa Herøy sin struktur.

Dette nye selskapet har ein tydeleg, klar og offensiv visjon som samarbeidet vert bygd på, skriv rådmannen.