Som aktive både på kysten og langt til havs representerer dei to fiskarane mangfaldet i fiskerikommunen Herøy. Dei er heller ikkje åleine om å satse friskt på eigen båt. Fleire andre har gjort det same for på den måten å kunne drive yrket sitt også i friperiodar og utanom sesongane i ringnotfiskeriet.

– Nei, vi har ikkje planar om å slutte på storhavet, men skal ein drive kystfiske i tillegg, er det om og gjere å ha noko skikkeleg å drive med, seier dei to driftige herøyfiskarane.

Mykje drygare Havstein

Og skikkeleg har det blitt for Anders Remøy, som med nye Havstein på 12,99 meter ikkje har gått så mykje opp i lengd i forhold til sjarken han hadde før.

– Men vi har fått ein mykje drygare båt, og når båten er utstyrt med vaskemaskin, tørketrommel og gode forhold for matlaging, står vi mykje betre rusta til å fare lenger vekk. Du treng ikkje heimom kvar dag når du stort sett har dei same fasilitetane om bord, smiler Remøy som elles er skipper på ringnotbåten Herøy.

Nye Havstein har ein lasteromskapasitet på 40 kubikkmeter og ein 450 hk Scania til framdrift.

I tillegg til ny båt er Havstein-reiarlaget i gang med å bygge ny sjøbud og kai på Fosnavåg hamn. Det er dit båtverksemda skal flyttast når den nye basen er ferdig.

Familiedrift

Bak satsinga er det òg ein annan grunn, nemleg sonen på 17 som går fiskeriretta linje på vidaregåande skule.

– Når gamlekaren (Erling) har funne tida inne til å pensjonere seg, er det godt at det kjem unge oppunder, seier Anders som det midtre leddet i familiereiarlaget Havstein.

Det er snurrevadfiske Havstein-familien satsar primært på, og med nybygget har dei fått ein båt som er mykje tyngre og betre egna til snurrevaddrift enn sjarken dei hadde før. Båten er allereie prøvd etter torsk og hyse, og har vist seg å fungere etter forventingane.

– Vi har også planar om å rigge for makrell og not, men det blir neppe i år, seier Remøy som har liggeplass på Kvalsund fram til anlegget i Fosnavåg blir bruksklart.

Satsing til fem millionar

Eit steinkast unna ligg Terje Pedersen i ferd med å rigge si nyinvestering for dorging etter makrell. Sjølv om han no har fått båt til det, har heller ikkje han planar om å bli sjarkfiskar på heiltid.

– Men ein må satse når ein fyrst skal rote med det, smiler Pedersen om bord i nyesjarken på 35 fot.

Medrekna utstyr representerer nye Øytind ei investering på rundt fem millionar kroner.

Populær haugsbygdar

Terje Pedersen er ein av fleire lokale fiskarar som har handla båt med Proas i Haugsbygda.

– Jau, dette er lokale greier, seier Pedersen om båten som er den største utgåva av dei populære Proas-sjarkane.

– Desse båtane har vist seg å vere så populære at eg tvilar på om dei greier å bygge nok, legg Pedersen til.

I håp om ein betre makrellsesong enn dei to føregåande har Pedersen hastverk med å kome seg i arbeid med nyebåten. Etter kvoten som er overført frå gamlebåten kan han fiske 80 tonn, men skal han greie det må det bli heilt andre forhold enn i fjor då knapt nokon greidde å ta kvotene sine.

– Fisket har vore elendig dei to siste åra. Men når eg ikkje har hatt båt dei to siste åra så har eg vel ikkje lov til å uttale meg heller, seier han.

Ei endring i markrellfisket kan vel difor knapt bli til anna enn det betre. Stort verre enn i fjor er nesten ikkje til å tenke på.