– Vi er overvelda og takksame for alle sin innsats, glade for at vi også denne gongen landa med beina på bakken. Det er litt spesielt å få i land noko slikt, der nesten all førebuing skjer i løpet av ei veke før spelet, seier Korsnes.

Han kan også fortelje at publikum sine tilbakemeldingar er veldig gode.

– Ta noko slikt som sauene, dei aller minste skodespelarane. Eg hadde sjølv eit barnebarn som såg spelet, og det var sauene som stal det meste av merksemda hennar. Sauene sjølve storkosa seg, og foreldra deira seier dei har fått ei alle tiders oppleving. Ikkje berre med sjølve framføringane, men også med alt det andre som skjer rundt det heile.

– Det er også eit veldig godt bakspel, altså utanom sjølve hovudrollene, representert ikkje minst med dei flinke unge skodespelarane som er gardsfolka, legg han til.

Laurdagens første førestilling, med kanskje så mange som 900 tilskodarar, sikra åleine gode publikumsinntekter denne gongen.

– Det var fantastisk flott å sjå kor mykje folk som kom. Og så hadde vi nokre hundre også på dei to neste førestillingane, seier styreleiaren.

Han registrerte dessutan med glede at det kom veldig mange tilreisande frå Søre Sunnmøre. Mange har reist utover til øya mane gongar før, og det gir sjølvsagt sjølvtillit for Kong Arthurspelet at folk aldri ser ut til å bli leie av humorspelet på Kongsvollen.

Det kom ei lita utfordring med logistikken like før spelhelga, då passasjerbåten med plass til 200 vart erstatta av ein med plass til vel femti. Men Kong Arthurspelet fekk leigd inn endå ein båt, slik at det gjekk rimeleg bra å få frakta fram og tilbake, utan svært lang ventetid for dei tilreisande.

Mange hadde elles teke turen med båt, nokre også med bubil. Og i hytter og hus var det nokså fullt. Mange tusen tok turen til Sandsøya i helga, der eit lokalt apparat ordna med mat og drikke, og jamvel dans og moro.

– Det fungerte fint, alt saman, meiner Jostein Korsnes.

Suksessen i 2019 gir endå betre motivasjon for neste års spel, i 2020. Då er det 20 år sidan spelet for første gong vart framført, og jubileumshelga neste år blir det slått litt ekstra på stortromma, seier signala.

Fem om spelet

Vi snakka med nokre av dei som såg spelet, og spurde om korleis dei opplevde det.

Oddhild Grebstad frå Volda: - Veldig bra. Ein blir imponert over alt dei kjem på. Eg har sett spelet ein gong før, og no var det mange endringar. Jobbar elles saman med Marianne Brune Leikanger (Dondrå, red. mrk) på Volda sjukehus. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik
Martine Almestad Hauge frå Ålesund: Eit kjempebra spel. Eg har sett spelet mange gongar før. Det har ei moderne og utradisjonell form som imponerer meg. Særskilt likte eg scena med Trump. Skakk er likevel min favoritt. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik
Cathrine Follestad frå Ålesund - Eg har faktisk vore med sjølv for ein del år sidan, som gardsjente. No er spelet veldig annleis, men framleis veldig bra. Eg meiner Kong Arthurspelet er rørande og godt, med fleire moderne trekk sjølv om handlinga er på 500-talet. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik
Roger Helland frå Larsnes: Eg har sett spelet ei rekkje gongar tidlegare. Det er positivt at det er mykje nytt kvar gong. I år likte eg godt scena der Trump og Putin kom på besøk. Men eg likte også alt det andre. Og så var vêret flott. Tommel opp! Foto: Bjørnar Torvholm Sævik
Oddvar Kløvning frå Haugsbygda: For meg var det kjekt å sjå alt det nye som var lagt inn. Kong Arthurspelet har ei behageleg blanding av skjemt og alvor, der også dagsaktuelle saker vert tekne inn. Eg har sett spelet fleire gongar før. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik