Etter salet av MMC First Process var det avtalt at MMC Green Technology skulle endre namn. Det nye namnet er Norwegian Greentech AS, heiter det i ei pressemelding. Havyard Group ASA er majoritetseigar med 77,78 % av aksjane. Dei resterande aksjane er, som før, eigd av nøkkeltilsette i bedrifta som har vore med sidan starten.

- Tida er heilt riktig for satsing

Vidare i pressemeldinga går det fram at bedrifta no kjem til å satse på systemet dei har utvikla for ballastvatn-reinsing.

- Vi har klokkartru på det vi held på med, og tida er heilt riktig for satsing på ballastvatn-reinsing. Endeleg løyser marknaden, og vi har potensiale til å ta store marknadsandelar. Vi er svært positive til å jobbe vidare med Havyard, og dei vil vere ein god og viktig støttespelar framover for å lykkast med vidare vekst og utvikling selskapet, seier dagleg leiar Håvard Gjelseth.

Skip bygd etter 8. september 2017 må følgje IMO konvensjonens krav til reinsing av ballastvatn, medan eksisterande skip må innan 8. september 2024 ha installert eit reinsesystem. Samtidig skal alle skip frå i dag ha ein godkjend plan for handtering av ballastvatn. Frå 8. september 2019 gjelder dette reglementet på alle skip verda over, og ikkje berre i Noreg.