Full klaff med Kvalsvikdagen

Om dei hadde fått sjå nokre glimt av sol også, så hadde det nok toppa seg heilt for kvalsvikarane denne helga.
Nyhende

– Vi treng ikkje sol for å ha det kjekt her ute. Er det vindstille, opphald og mildt så held det i massevis, seier Kjetil Bjørneset, som er gendalagsleiar og ein av mange frivillige bak kvalsvikarane sin årlege stordugnad kalla Kvalsvikdagen.