Heilt på toppen av Drageskaret har den vesle parkeringsplassen på austsida av fylkesveg 61 blitt altfor liten. Det fekk trimgruppene i idrettslaga til å gå saman. Vegvesenet hadde ikkje pengar til utviding, men initiativtakar Odd Kåre Wiik vende seg til Sparebanken Møre og Aurvoll & Furesund.

– Det vart full klaff. Entreprenøren gav oss ein svært fin pris, og Sparebanken Møre støtta oss med 24.000 kroner. Svært gledeleg, og no er arbeidet med oppgrusing og utviding unnagjort. Stor takk! Resultatet er meir plass til bilar frå denne utfartsstaden for turfolk, seier Odd Kåre Wiik etter det suksessfulle samarbeidet.