Verken Tussa eller Telenor har planar om utbygging av breiband til Runde. Støtte frå staten vil dermed vere avgjerande for at Runde skal få eit breibandtilbod som er på linje med resten av Herøy, med ei utbygging i kommunen sin regi.

Auka verdiskaping

Etablering av høghastigheitsbreiband på Runde er venta å auke verdiskapinga på øya sidan det vil legge til rette for næringsetableringar. Kommunen ønskjer å støtte dei bedriftene og gründerane som er etablerte i området og forenkle etableringa av gründerverksemder eller andre næringsinteresser på øya.

Slik grunngir Møre og Romsdal fylkeskommune søknaden om statsstøtte til breibandutbygging på Runde. Tidlegare breibandutbygging i Herøy har i stor grad skjedd med støtte frå same tilskotsordninga som det no blir søkt om for Runde.

Utfordrande for turistnæringa

I søknaden blir det vist til Runde sin reiselivsmessige posisjon, og at dagens breiband- kapasitet gir turistnæringa på øya unødvendige utfordringar knytt til digital kommunikasjon med kundar og digital marknadsføring.

Betre kapasitet vil kunne gi auka aktivitet på øya, både for eksisterande aktørar og nye aktørar som får mulegheit til å satse.

Kommunen ønskjer å nytte eksisterande infrastruktur for å halde prosjektkosnadene nede.

1,7 mill. frå kommunen

Sjølv vil kommunen legge inn eit bidrag til finansieringa på 1,7 millionar kroner, noko som vil utgjere 21,9 prosent av totalkostnaden. Det aktuelle statstilskotet på knapt 3,2 millionar kroner vil svare til 41,1 prosent.

Det er forventa at 75 prosent av øya sine 55 husstandar, og femti prosent av bedriftene, vil kople seg til eit nytt breibandopplegg. Det vil med ei tilknytingsavgift på 3.500 kroner gi eit bidrag på 150.000 kroner eller 1,9 prosent av totalkostnaden. Dugnad kan utførast tilsvarande 1,5 millionar kroner.

Betre mobildekning

Telenor har i dag berre radiosamband til mobilbasestasjonen på Runde. Dersom fiber blir valt som teknologi for utbygging av høghastigheitsbreiband på øya kan ei slik utbygging også medføre betre kapasitet for mobilnettet i området.