Rotter på Runde fyr: – Vi jobbar med å få bukt med problemet

Runde fyr er midlertidig stengt, etter at hytteverten oppdaga rotter på overnattingsplassen fredag 2. august.

Turistattraksjon: Runde fyr ligg på Kval­ne­set på nordvestspissen av Runde. Foto: Jo­se­fi­ne Spi­ro 

Nyhende

– Vi jobbar med å få bukt med problemet og har, i samarbeid med Kystverket, sett inn store ressursar for å kunne opne igjen så snart som mogleg. Eit skadedyrfirma jobbar med saka, og dei har allereie teke mange rotter, seier Tone Drabløs i Ålesund-Sunnmøre Turistforening (ÅST) til Vestlandsnytt.