Maritim og teknisk komite skal på fyrste møtet sitt etter ferien seie ja eller nei til oppføring av fritidsbustad på ein liten holme i Stridestraumen. Fylkesmannen har sterkt frårådd tiltaket, og frå rådmannen blir saka framlagt med negativ tilråding.

Herøy kommune er samd i at etablering av fritidsbustad her i stor grad vil privatisere området, og at dette er uheldig, heiter det i rådmannen si vurdering. Han viser til a holmen ligg i eit mykje nytta friluftsområde.

Det er Jarleif Igesund som har søkt om dispensasjon til å rive det gamle naustet som står på holmen og erstatte det med ein ny fritidsbustad med tilhøyrande flytebrygge.

Rådmannen er samd med Fylkesmannen og fylkeskommunen om at tiltaket vil vere i strid med strandsonevernet.