Det ligg føre nye planar for Hallekrysset og Skulekrysset på Larsnes. Naboar på vestsida av Skulekrysset har sendt inn ein merknad til kommunen på planane for utviding av dette krysset. Her heiter det mellom anna at dei fleire gongar tidlegare har gitt frå seg grunn til avkøyrsel og rundkøyring. No ber dei kommunen om fleire detaljar på korleis arbeidet vil påverke området.