Det eine punktet skriv seg frå hausten 2019, då mannen i femtiåra ringde 112 og opplyste om at han heldt på å slå i hel ein person. Denne ukorrekte opplysinga førte til utrykking frå politiet.

Dessutan er mannen tiltala for å ha ført båt sjølv om han var påverka av alkohol. Det skjedde tidleg i 2019. Utandingsprøva synte ein alkoholkonsentrasjon på 0,8 milligram per liter luft.

Det tredje punktet skriv seg frå ei hending våren 2018, då mannen førte traktor med tilhengar, sjølv om han ikkje hadde gyldig førarkort for vedkomande gruppe av motorvogner.