Saka gjeld løyve til bygging av fritidsbustad til store protestar frå naboane.

– Vi kjenner oss overkøyrde av kommunen, sa Ove Louis Kirikholm til Vestlandsnytt etter at NTM-utvalet godkjende byggesøknaden i januar i år.

Som eigar av naboeigedomen har Kirkholm sjølv fleire gonger prøvd å få kjøpe tomta etter at han som kjøpte tomta frå kommunen i 2007 overskreid den eine byggefristen etter den andre. Dei siste ubyggingsplanane fører mellom anna til at Kirkholm får parkeringsmulegheitene sine øydelagde.

No har Kirkholm fått medhald frå Fylkesmannen i at søknaden om løyve til fritidsbustad må sjåast på som ei ny sak som tidlegare ikkje er avgjort med vedtak der klagefristen var utgått.

Vi kan heller ikkje sjå at nabomerknadene er uttrykkeleg vurderte i dispensasjonssaka frå 2018, skriv Fylkesmannen og ber kommunen ta ei ny vurdering av saka i samsvar med Fylkesmannen sine vurderingar.