Tysdag var Miljøpartiet De Grønne sine fylkestingskandidatar på tur i Herøy, der målet var å sjå på framtidsretta næringssatsing. I deira tilfelle var det Tango Seaweed som var vertskap. Her fekk deira førstekandidat i Møre og Romsdal, Carl Johansen, omvising på det midlertidige anlegget til Tango Seaweed ved Marine Sales i Stokksund. Med i reisefølgje var også andrekandidat og lokallagsleiar i Ålesund MDG Joakim Skaar og ørstarepresentant Knut Arne Nygard. Omvisaren var Annelise Chapman sjølv, som starta det heile med ei innføring i næringsverksemda.

– Respekt for biologien

Etter ei omvising og opplæring i korleis produksjonsprosessen går føre seg vart Chapman utfordra av MDG-politikarane til å kome med si politiske «ønskeliste», for som Johansens sjølv uttrykte:

– Vi vil gjerne vite korleis vi kan gjere det enklare å etablere og skape vekst for alle typar grøn næringsverksemd, og spesielt korleis vi skal kunne forvalte næringa slik at også mindre etableringar kan overleve.

Dette var ei utfordring Chapman tok på strak arm, og kom med fleire innspel. Fyrst var ho raus med ros til korleis ein i Noreg relativt enkelt kan få støtte til gründer-verksemd. Men samstundes er det noko ho etterlyser.

– Vi har gode støtteordningar, spesielt på produksjonssida, men vi må også fokusere meir på respekten for biologien. Det er derfor vel så viktig at vi får støtteordningar som oppmuntrar næringslivet til å bli og vere gode forvaltarar av råmateriale. Vi treng støtteordningar for korleis ein marknadsfører produkt og som fostrar fram bioraffineringsprosessar som utnyttar råmateriale maksimalt, og ikkje nødvendigvis berre tenker volum og storskala. På denne måten kan vi også sikre at mindre satsingar kan lukkast, noko som eg meiner er svært viktig, sa Chapman, eit standpunkt som Johansen og co. var samde i.

Kvotehandel på næringssalt?

Elles kom Chapman med fleire forslag til MDG-politikarane, også av ein meir konkret karakter, med tanke på korleis ein som taredyrkar-verksemd kan få fleire bein og stå på.

– Både i USA og i Danmark er det no mogleg å drive kvotehandel av næringssalt. Er dette noko vi kan byrje å organisere og innføre i Noreg? spurde Chapman.

Det Chapman siktar til i dette tilfellet kan samanliknast med korleis ein kan drive handel av CO2-kvotar. Om ei bedrift i dag får krav om å redusere utslepp er det ei moglegheit for bedrifta og handle CO2-kvote frå andre bedrifter for å kompensere for utsleppa. Myndigheitene tildeler bedrifter ein viss mengde kvotar. På same måte meiner Chapman dette også kan gjelde næringssalt (plantenæringsstoff).

– Ved oppdrettsanlegg er det til dømes større konsentrasjonar av næringssalt frå fisken i merdane. Dette er gjødsel for taren, og som taredyrkar kan ein utnytte denne ressursen og lage eit småskala økosystem. Vi bør ikkje la god gjødsel gå til spille, og ein burde derfor få eit system der dei som slepp ut næringssalt over ei viss mengde må kompensere det med å kjøpe kvotar frå bedrifter som tek opp næringssaltet.

– Dette handler om å bygge økosystem inn i våre forretningsmodellar, her gjennom at vi får betalt for at taren gjør ein viktig økologisk jobb – reinsar sjøen av næringssalt, som elles kan bli eit problem om det er for mye av den, og la oss resirkulere de flere ganger. Dette vil gi taredyrkarar og havbruk eit ekstra bein å stå på.

– Eg meiner i alle fall at dette er noko vi bør sjå nærare på, la ho til.

Mykje lærdom

Etter å ha lytta til Chapman var Johansen og dei to andre politikarane nøgde med det dei hadde fått sett.

– Eg har lært utruleg mykjeav å sjå dette, og eg gler meg over å sjå moglegheitene som ligg i denne næringa. For MDG er det viktig at vi i mykje større grad prissetter bruken av naturressursar, enten det er klimagassutslepp eller næringssalter, slik at vi kan få ned utsleppa og samstundes gjere dei grøne næringane meir konkurransedyktige.