I finalekampen, som vart spela på Aksla stadion, vann Bergsøy 1–0 over ålesundslaget Frigg. Målskårar var Asbjørn Myklebust.

Eg var ein av dei tre «utsendingane» som ein augustdag for 57 år sidan troppa opp på styrarkontoret til Albert Tronstad på Bergsøy skule. Vi fortalde Tronstad at vi hadde meldt på eit gutelag til ei fotballturnering i Ålesund, og at spelarane, som alle var elevar ved skulen, måtte få fri for å reise til Ålesund. Tronstad forklarte oss at det var ei alvorleg sak å spørje seg fri frå skulen, og at fotballsparking eigentleg ikkje var så viktig. Der og då vart det blankt avslag.

Der stod vi tre karane rundt styrarbordet. Det seier seg sjølv at vi hadde god grunn til å vere skuffa. Men i det vi, nokså slukøyrde, rusla mot døra, bad Tronstad oss stoppe. Det viste seg no at han plutseleg, og noko uventa, hadde «mjukna» litt. Han sa at vi likevel skulle få fri når dagen kom – men berre halve skuledagen. Tronstad la til at vi måtte love å gjere vårt beste for å vinne turneringa, slik at vi gjorde ære både på skulen og bygda vi kom ifrå. Det lova vi på tru og ære – og så takka vi og bukka så djupt at vi nesten dunka hovudet ned i golvet.

Bergsøy guteklubb hadde ikkje noka tilknyting til Bergsøy idrettslag. Dei aller fleste på laget høyrde heime på strekninga frå kyrkja og ned i Vågen. Bergsøy guteklubb fekk låne dei gamle, grøne og velbrukte draktene til A-laget, og det var litt stas, syntest iallfall vi. Så på ein måte representerte vi også Bergsøy idrettslag.

Bergsøy guteklubb gjekk frå siger til siger, og det vart lettare og lettare å få fri frå skulen for å reise til Ålesund. Skulestyrar Tronstad var i perlehumør og vart etter kvart skikkeleg fotballinteressert. Vi gjorde nok ære både på bygda og skulen, som vi hadde lova han. Eit handfast bevis var eit innlegg i Sunnmørsposten like før finalekampen. Det var skrive av ein som var oppmann for eit av ålesundslaga:

«Gutteklubben Bergsøy har endelig nådd sine drømmers mål – finale i Sunnmørscupen på selveste Aksla stadion. Dette er dem vel unnt, for sjelden har vel et lag mønstret så mange usedvanlig sympatiske spillere som nettopp dette laget.

Er det så egentlig noe spesielt ved disse guttene som begeistrer en annen klubbs oppmann i den grad at han mener at alle bør få vite om laget? Absolutt. Noe som spesielt gleder en gammel fotballentusiast, er Fosnavåg-guttenes egen innstilling til denne form for idrett. For eksempel med hensyn til bruk av tobakk. Man skulle tro at denne last var tabu for alle gutter i denne alder, men vi vet at så ikke er tilfelle. Vi vet også at denne last og misbruk av samme har svekket mange lags 100 % innsats i året cup. Derfor understrekes Bergsøy-guttenes rettmessige finaleplass ytterligere når vi vet at ikke en eneste gutt på laget smaker tobakk.»

Bergsøy idrettslag betalte reiseutgiftene til finalekampen – 110 kroner. Elles gjekk spelarane med nummerbøker før kvar kamp for å finansiere reisa. Hugsar eg rett, brukte vi å lodde ut ei bløtkake.

På den tida var det å kome seg frå Fosnavåg til Ålesund både tungvint og tidkrevjande. Ja, det var faktisk ei lita amerikareise samanlikna med i dag. Buss frå Fosnavåg til Torvika. Derifrå med ferje til Ulsteinvik, og så vidare med buss til Hareid og deretter med ferje til Ålesund. Kampane vart spela på Rollon-bana. For å nå fram i tide måtte vi springe frå ferjekaia og opp til bana. Så når kampen starta, var Bergsøy guteklubb allereie ferdig med oppvarminga.

På heimturen kom vi alltid så seint til Torvika at det ikkje gjekk buss til Fosnavåg. Så var det å ta beina fatt og kome seg heim og til sengs. Lekselesing vart det ikkje tid til på slike dagar, men det gjekk likevel greitt.

Eit par veker etter at finalekampen hadde vorte spelt, vart det bestemt at kampen skulle spelast på nytt fordi NRK-fjernsynet ville gjere eit opptak. Denne gongen betalte Sunnmørsposten reisa. Avisa sin eigen reportasje- og skyssbåt, «Svint II», henta Bergsøy guteklubb i Fosnavåg – og skyssa spelarane trygt heim att om kvelden.

«Avtalen» var at sluttresultatet skulle verte det same som i finalekampen, og med den same målskåraren. Eg tek nok ikkje feil når eg seier at Asbjørn Myklebust var den fyrste herøyværingen som skåra mål på fjernsyn.

I den tida var det ikkje råd å sjå fjernsyn her på våre kantar. Men rapportar frå slektningar og kjentfolk på Austlandet fortalde at Bergsøy guteklubb hadde vore på skjermen.