Denne fråflytta sævikaren har sendt sjokkbølgjer gjennom politikk-Noreg:

– Alltid vore litt politikar

Frode Myrhol, opphavleg frå Sævika, har gjennom partiet «Folkeaksjonen nei til meir bompengar» skapt politisk jordskjelv i det ganske land.

Frode Myrhol: Då den fråflytta herøyværingen Frode Myrhol såg bymiljøpakken for Nord-Jæren sette han ned foten. I håp om å hindre bompengeregime stifta han med fleire då partiet FNB. No ligg partiet, med sævikaren i spissen, an til å gjere eit brakval, i alle fall om ein skal tru meiningsmålingane. Foto: Privat 

Eg skyr ikkje rampelyset og eg toler å gå i diskusjonar.

Frode Myrhol
Nyhende

Det som starta som ei lita aksjonsgruppe på Facebook, har på relativt kort tid vakse seg til å bli ein seriøs politisk aktør i Noreg. No ligg «Folkeaksjonen nei til meir bompengar» (FNB) i posisjon til å kunne stikke av med mykje makt ved det kommande valet, spesielt i dei større byane der bompenge- motstanden er stor. I spissen av det heile finn vi Frode Myrhol, ein fråflytta herøyværing, no busett i Stavanger.