Nordisk Panorama (19.-24. september) er Nordens største bransjefestival for dokumentar- og kortfilm og ein viktig plattform for nordiske filmar sin vidare ferd ut i Norden og verda. Torsdag 8. august, var programmet for 2019 klart. Ut av 532 filmpåmeldingar har festivalen valt ut 14 dokumentarar ifrå Finland, Sverige, Danmark, Island og Norge som er med i konkurransen om beste nordiske dokumentarfilm. Hovudprisen er på 11.000 Euro (omtrent NOK 110.000). Plant dei heldige i år finn vil leikong-baserte Blåst Film sin nyaste dokumentarfilm, «Vinterens lengsel».

– Festivalen visar eit utval av dei aller beste filmane ifrå Norden og med tanke på at det berre kom med tre norske dokumentarfilmar er det stor stas og ei viktig anerkjenning for Blåst Film at filmen vår «Winter’s Yearning» (Vinterens lengsel) har blitt valt ut til konkurransen under Nordisk Panorama, seier produsent Sturla Pilskog i ei pressemelding til Vestlandsnytt.

Som tidlegare omtala hadde «Winter’s Yearning» si verdspremiere under ein av verdas største dokumentarfilmfestivalar, Cph: Dox i København, i mars i år, og har sidan med anna vore i hovudkonkurransen under den tradisjonsrike Moskva internasjonale film festival.

Filmen går tett på tre grønlendarar som bur i den vesle fiskeribyen Maniitsoq, på Grønland sin vestkyst. Byen ventar på det store amerikanske industrieventyret som dei var lovd for over ti år sidan, men som aldri kjem. Kva gjer ein så?

Filmen er produsert av Are Kvalnes Pilskog og Sturla Pilskog i Blåst Film, og den er regissert av Sidse Torstholm Larsen og Sturla Pilskog. Filmen er laga i samarbeid med Ánorâk Film på Grønland og Bullitt Film i Danmark.