Brukbar statusrapport for sjøfuglen på Runde:

God næringstilgang for sjøfuglen, men minken herja

Ungane til sjøfuglen har blitt feita opp på massevis av sil denne våren. Men på Runde har minken herja, og no skal det setjast i gang ein aksjon for å fjerne mink på heile øya.
Nyhende

– Det er vanskeleg å seie kor store tapa har vore på grunn av mink, men ein god del fugl har han nok teke, fortel Ingar Støyle Bringsvor.