Vikar som marknadskonsulent

Henrikke Vaagen er Vestlandsnytt sin nye marknadskonsulent.

Henrikke Vaagen: Ho er vikar for vår faste marknadskonsulent. Foto: Bjørnar T. Sævik 

Nyhende

29-åringen som bur i Ulsteinvik vil ei tid framover vikariere for Caroline Frantzen Aklestad, som har gått ut i svangerskapspermisjon.

Henrikke arbeider til vanleg som marknadskonsulent i avisa Møre-Nytt i Ørsta. Takka vere rokeringar i konsernet har Møre-Nytt fått dekt opp sitt behov, samstundes som også Vestlandsnytt sikrar eit framhald i funksjonen gjennom Henrikke sitt vikariat hos oss.

Frå no av er det altså Henrikke som kan kontaktast når det gjeld lokale spørsmål rundt annonsering. På dette området sit Henrikke på mykje kompetanse og kan gje gode råd, anten det dreier seg om papir- eller digitalannonsering.