Kong Arthurspelet til helga:

No er det liv og røre på Kongsvollen igjen

Sjølv på ei øving, med mange stopp undervegs, går det an å le seg skakk. Det lovar bra for årets utgåve av Kong Arthurspelet.
Nyhende

Spelet på Kongsvollen på Sandsøya er tilbake igjen etter pauseåret i fjor, og det verkar som pausen har gjort gjengen endå meir «på hogget».