Til spelhelga på Sandsøya:

Lanserer nytt turkonsept

Fjellførar Martin Hauge-Nilsen og lokale krefter arrangører eit nytt turopplegg på Sandsøya laurdag 10. august.
Nyhende

– Det vert ein ettermiddags- og kveldstur i barskt terreng på Sandsøya, med turleiarar og guide, seier Martin Hauge-Nilsen.

Han opplyser at turen har utgangspunkt i løypa til den kjende Sjutoppsturen. I tillegg går ruta denne gongen opp på fjellet Dollsteinen, samt gjennom nokre parti utanom den kjende løypa.

Turen er eit samarbeid mellom Sandsøy idrettslag og Fjellføreren ved naturguide Martin Hauge-Nilsen.

I tillegg til Martin, vert turen leia av sandsøyingane Ingar Støyle Bringsvor og Eirik Voksøy Bringsvor.

Ingar er hobbyornitolog, kjent for mange, og er generelt glad i naturen. Han har spesielt interesse for sjeldne fugleartar - noko det er og har vore mange av på Sandsøya.

Eirik er fem gongar vinnar av fjelløpet på si eiga heimebane langfredag i påska, altså Sjutoppsturen. Han har den ståande løyperekorden på tida 1.22.37!

– Gjennom hyppige treningsturar kjenner Eirik turløypene så godt som nokon andr, opplyser Martin Hauge-Nilsen.

Denne helga er Kong Arthur-spelet på Sandsøya, med to framsyingar laurdag og ei på søndag. Historia som det humoristiske spelet tek utgangspunkt i, handlar blant anna om Dollsteinhola, grotta som går inn i Dollsteinen og ned under havnivå. Denne turen går forbi inngangen og opp på toppen av Dollsteinen, 227 meter over havet, der det er bratte sider på alle kantar.

– Her er det framleis ledige plassar, opplyser arrangørane.